Sjørøvarskatten

Eit sagn fortel at ei sjørøvarskute ein gong for lenge sidan i ein forrykande austleg storm dreiv hjelpelaust ut Toppsundet og mot Ura mellom Lyngmyra og Finnevika. Dei kasta anker på Urgrunnen, men skuta dreiv likevel i land i Ura og vart knust til pinneved. Sjørøvarane hadde ein skatt om bord som dei berga i land og gøymde i Ura. Harry Hanssen frå Lyngmyra fann i 1948 eit gamalt anker på Urgrunnen. Det var eit par meter kjetting festa til ankeret, og han peika rett mot Ura.


Fortald av Harry Hanssen som igjen hadde høyrt sagnet frå Oluf Aune frå Andenes