Senjamannen og Kvæfjordmøya

Senjamannen budde på Senja. Kvæfjordmøya budde på Møysadlen. I Grytøya budde han Syt, og i Elgjen budde Elgemannen. Dei to siste var heller unge menn. Senjamannen var gammal og grå. Men Kvæfjordmøya hadde til vane å bade i Toppsundet. Der gjekk ho i vatnet midt mellom han Syt og Elgemannen.

Dette tykte Senjamannen ille om. Han sadla hesten sin og rei opp til Toppsundet nett som ho gjekk i sjøvatnet der. No fria Senjamannen på ståande fot til Kvæfjordmøya. Men ho svara nei, og svaret det gav ho på rim så det både beit og svei:

Du gamle, du skalla Senjamann grå -
kor vil du meg, rike Kvæfjordmøy få?
Du lyt nok endå i din drengkallstall stå.

Då vart Senjamannen ilsken av seg. Han rei heim til Senja. Så braut han ei stor pil av fjellnæringen og la ho på bogen og skaut. No vil han ta både møya og medbeilarane i Gryta og Elgjen. Pila ho susa av stad og råka Skjeringan på Toppen. Ho tok eit stort hol gjennom fjellet Toppen og råka Elgjen og gjorde eit stort skår der - så dala ho ned på Rå i Kvæfjord.

Møya hadde høyrd bråket av pila og kom seg vestover Hinna. Men sadlen vart ståande ute då sola rann. Så enno kan ein sjå sadlen i Møysadlen. Han Syt kom seg inn i Gryta og har mange ætlingar der. Elgemannen kom seg ikkje inn tidsnok. Ein kan enno sjå profilen av han når ein står ved inngangen til kapellet "Hans Egedes Minne" på Elgsnes. Pila som Senjamannen skaut står nedfor Kvæfjordkjerka på Rå. Senjamannen vart til stein og sit på hesten sin på Senja, og heiter den dag i dag Senjahesten.

Dette eventyret er henta frå boka "Det mørke landet" av Edvard Ruud