Mytteri

Det var i 1893. Finnmarksfisket var skralt. Det var mest berre så dei hadde til kokfisk. Han Edvard låg i Vardø med fembøringen sin. Han hadde handverkarar med som mannskap denne gongen. Dei hadde hyrt seg med for å tene ekstra. Men her var det inga forteneste, så no ville dei heim. Dei hadde anna arbeid å gå til.

Høvedsmennene tala seg imellom, såg i veret og spurde nytt frå andre fiskevær. Men det var svart hav på heile Finnmarkskysten. Nokre ville segle austetter og prøve lykka på Russe-Finnmarka, mellom dei han Edvard. Det var snart 12 år sidan han flytta til Elgsnes, men enno hadde han buskapen i ein gamme. Dette året skulle han bygge fjøs, så han trengte pengar.

Då han Edvard kom om bord og bad karane gjere klart til å segle, vart dei glade. Dei trudde at dei endeleg skulle kome seg heim. Men då dei segla ut frå Vardø, skjøna dei at ferda gjekk austetter. Då vart det opprør. Dei drog seglet over feil veg, slik at det var umogeleg for Edvard som stod ved styrvolen, å segle. Han måtte då gje seg, og sa så: "Ja, vell dokker heim, så skal dokker komme heim, og det fort òg." Og no var det han som segla.

Fembøringen var godt lasta, og det gjekk snøgt unna for fullt segl. Karane vart fort spakare. Men då han ba dei strekke toppseglet, skreik dei: "Han ber det ikkje!" "Han skal bere det", kom det kaldt frå høvedsmannen. Dei nådde att hurtigruta og segla forbi. Det blei sagt at ho låg som eit skjer attføre.

Så snart dei kom inn i smulare farvatn, fekk mannskapet nytt mot. Og då dei kom fram imot Tromsø, eller Troms som dei sa på den tida, ville karane i land. Det var vanleg å stoppe både to og tre dagar i Tromsø på heimvegen frå finnmarksfisket. Men han Edvard hadde ikkje tid til slikt. Så han sette kniven i tofta framføre seg og sa: "Den som skal i land på Troms i dag, han får gjere det over mett lik." Dei segla då vidare.

Då dei kom fram til Tronesbygda, sette Edvard mytteristane i land i Vågen. Og åktårsmannen fekk denne helsinga med seg då han gjekk frå borde: "No kan du ta skreppa di og gå på land." Fiskarane hadde på denne tida med seg bomme og ikkje skreppe, men høvedsmannen akta han ikkje meir enn ein simpel skrepphandlar.

Heime på Elgsnes var tømret til fjøset alt kome, men Edvard åtte ikkje ei krone å betale med. Det vart ikkje mykje tid til prat om kva som hadde hendt. Han kasta berre skitne klede på land og gav beskjed om å ruste ut til ny finnmarksferd. Så drog han til Kvæfjord og skipa nytt mannskap. Og etter tre dagar var han på veg nordover att med kleda til tørk i vanta. "Han skulle ha gjort meg galen," sa ho Lena, kona hans, seinare. Men så var det ingen andre som fór på to finnmarksfiske same sesongen.

Edvard drog no på Russe-Finnmarka slik planen tidligare var. For Tsyp-Navolok, eller Sjetnavalok som dei norske fiskarane kalla staden, var det godt fiske. Og med stødig mannskap, som ikkje hadde anna arbeid å gå til, heldt dei på så lenge fisket var brukbart. Dermed vart det god lott til alle. Og då Edvard kom heim att, hadde han pengar nok til å gjere opp for fjøset.

Skrive ned av Tore Ruud etter munnleg overlevering frå Edvard Ruud

Ordforklaringar:
Styrvol er den stonga som går attover til styret.
Åktårsmannen tyder den mest aktive av dei.