Likfunn

Lengst nede på Indre Elgsnes kan ein enno sjå restar av murane etter eit hus og ein liten fjøs, samt far etter stien ned mot sjøen. Støa er borte, for sørvesten står rett på landet. Her budde fiskaren Elleseus.

På byrjinga av 1900-talet tok fiskarane i bruk båtar med motor. Elleseus var ein haust med ei skøyte som fiska sild med garn på Andfjorden. Då hende det at han fall over bord og vart borte.

På Dverberg budde det ein slektning av Elleseus. Ei natt kom Elleseus i draume til han. Han stod i sjøhyre ved sida av senga og fortalde at han låg i fjæra nedanfor huset. "Du må stå opp og bærge mæ i lajnn!" Mannen vakna, men det var mørk natt. Han la seg difor til å sove att.

Det same hende igjen, utan at mannen stod opp. Tredje gongen drøymde han at Elleseus stod framføre senga og sa: "No må du komme, ejllers driv æ av, førr no flør sjyen! Og du må ikkje være rejdd førr det om æ e haulaus."

Dette opplevde mannen så klårt at han stod opp, gjekk ned i fjæra - og fann Elleseus. Og liket var utan hovud slik han var fortald i draumen. Det hadde propellen kappa av då Elleseus fall over bord.


Fortald av Mette Haugnes Jørgensen etter ei historie skriven ned av far hennar, Knut Jørgensen