Kjerkebyggaren på Trondarnes

Trond heitte han, og var den første som budde der. Han og ætta hans hadde dyrka Tor og Odin. Men så kom kong Olav nord til Trondarnes og herja og kristna. Han reiv hovet og ville byggje kjerka. Kongen snakka med Trond om dette, og Trond lova at han skulle byggje kjerka for Gud og kongen. Ho skulle stå ferdig til fastsett tid.

Men tida lei, og han Trond såg at det var rådlaust å få kjerka bygd til den tida dei hadde avtalt. Han søkte om folk, men dei var i viking eller arbeidde på gardane sine. Ingen hadde tid. Trond var tung til sinns no det lei fram mot den tida då kjerka skulle stå ferdig.

Så var det ei natt han ikkje fekk sove. Han tok seg ein tur ut, og vegen gjekk opp til Klokkarhågjen. Med eitt vart han lysvaken frå dei tunge tankane sine. Framfor han stod ein ukjend velvaksen kar. Han var som ei kjempe å sjå til. Han spurde Trond ka han ville gje for å få kjerka reist no. Trond tenkte at dette var uråd å få til. Dette måtte vere ein tomsing som tala såleis.

Men han ville ikkje vere mannen svar skuldig. "Sol og måne", svarte han Trond. Trond vart meir enn undren då mannen tok mot tilbodet og sa at han skulle byggje kjerka. "Ka heiter du?" spurde Trond. "Det får du ikkje veta noken gong, det er æg viss om. Men kan du greie å få veta ka æg heiter, då skal æg inkje ha for kjerkebygginga på Trondarnes", sa mannen.

Så tok bygginga til. Natt og dag. Det gjekk i eitt, og murane reiste seg, kjerka tok form. No tok han Trond til å bli redd han ikkje kunne skaffe den løna han hadde lova. Ikkje kunne han gje sol og måne, og heller ikkje visste han namnet åt han som bygde. Kjerka stod no så og seie ferdig, berre spiret var att.

Sorgsam i sinn tok Trond seg ein tur opp mot Klokkarhågjen tidlig ein morra. Brått høyrde han det song så vakkert inne i haugen. Det var ei som song åt barnet sitt:

"Sulle, lulle, liten Linn
imorra kjem han Vindfløy -
far din - med sol og måne
på ryggen sin -
vakkert spel åt banet."

Der har du det, tenkte han Trond. Vindfløy heiter han. Det er namnet åt han som bygde. Troll er han. No gjekk han Trond så fort han kunne ned mot kjerka. Då stod byggmeisteren høgst på tårnet og sette opp spiret med gullknoppen på. No var han Trond glad. Kjerka ferdig og løna klar. "Vindfløy! Spiret står skakt!" ropte han opp mot tårnet. Då høyrde han eit toreskrall mellom fjella, og trollet var vekke.

Vindfløy hadde sagt at før klokkene ringde første gongen frå Trondarnes kjerka, så måtte han vere vekke frå staden. Klokkeljomen svirra så i øyra hans. Ja slik vart kjerka på Trondarnes bygd under trollham, og ho står der enno den dag i dag.


Dette eventyret er henta frå boka "Det mørke landet" av Edvard Ruud