Jekteferd og
alveland
Det leid mot andrestemna. Jektene
skulle til Bergen med fisk og tran. Mange møttest søretter
Helgelandskysten. Dei rak i stilla og vart plaga med vind frå
alle kantar når han kula opp. Tom heitte styrmannen på
ei av jektene. Han skulle ikkje vere særleg vågsam,
men han rak no med og følgde jektereida.
Så var dei komne til Folla.
Der låg dei og rak i vindstilla. Med eitt høyrde
dei eit rop: "Vott, vott, vott!" Den ordklangen kjende
dei frå før. Det var draugen som ropte. "Sjå
der," ropte dei frå jektene. Ka var det dei såg?
Jau, det stakk ei hand opp av havet. Det var draugen som bad
om vott. Men ingen lest etter det og ville gje draugen vott.
Då kom draugen heilt opp
til jektesida åt han Tom: "Høyr du mann, gje
meg ein vott!" No vinka draugen med ei naken hand og peika
mot han Tom. Då treiv han Tom tollekniven han hadde i
sliren, tok så ein vadmelsrull fram, og skar eit stykke
av stuven. "Der har du vott," ropte han Tom og dreiv
tøystykket mot draugen. Draugneven tok om tøystykket,
og vekke var dei, både neven og tøystykket.
Enno var det stilla. Dei låg
der og rak og stakk den eine skillingen etter den andre inn
i sprekkene i jektemasta. Då tok det til å kule
på. Vinden friska på og auka. Børen var god.
Dei kom snart til Bergen. Der var marknaden i full gang. Arbeid
vart det nok av. Dei lossa fisk og tran og bytta til seg hamp
og tjøretau, brennevin og andre vareslag. Så festa
dei litt, og tok på heimferd. Nordlandsjektene tok laust
på same tid. Dei ville halde følgje som skikk og
bruk var.
Men han var dårleg bør
då dei fór frå Bergen. Så var dei komne
fram imotes Stadthavet. Men det var kveld og børen bar
ille. Så la dei seg til innfor øyane og ville vente
på betre bør. Men utpå natta vende vinden
og friskna på. Då kasta dei laust, den eine etter
den andre, og la på Stadthavet.
Han Tom var óg tørna
ut med jektmannskapet sitt og ville ta laust. Då såg
han tett attmed jekta ein neve over havet, og der var tøystykket
han gav draugen på Folla. No var det vikla om handbaken
på draugen. No høyrde han draugen ropte av full
strupe:
"Vott, vott, votteven
-
reis de ainner -
og du blir igjen.
Han tyt no i Nordhavet."
Ingen andre fekk høyre
ka draugen ropte. Dei drog opp framreide, og ein etter ein la
dei framføre holmane mot Stadthavet. Berre han Tom la
seg att i smult vatn innom holmane. Han følgde draugropet.
Så kom orkanen, og alle jektene forliste.
Neste dag løyde stormen
av. Då høyrde Tom at det kvein og ramla i framreide
og slo mot jektesida. Han høyrde det kom folk frametter
lukene og tok til å drage opp. Han skjøna no at
det var draugen som ville han skulle fare.
Så tok Tom på ferd
med jekta si med godt vêr og fin bør nordetter
leia. Men då dei var komne så langt nord at dei
skulle legge på Follahavet, då høyrde han
Tom tydeleg at draugen ropte:
"Det brest i land -
det brest i hav -
huttetu ka vêr han blir."
Men han Tom tok ikkje draugropet
nok i akt. Han ville heim, så han la berre til på
Folla. Stormen kom og auka etter kvart. Med eitt høyrde
Tom vantet slitna. Det small som ei bøssepipa. "No
går reggen overbord," tenkte han. Men riggen stod.
Då såg han gjennom snødrevet at det stod
ein stor og røsleg kar og skora masta med ryggen sin.
Etter ei stund løyde stormen av, og han fekk bøte
skaden.
Men stormen auka på nordetter
Helgelandskysten. Dei segla med livet i nevane. Men han Tom
kunne segle og kjende seglføringa åt jekta. Då
han så skulle over Vestfjorden, la han over med skodde
og fuka så han såg ingen ting framføre. Han
la seg til ro om kvelden og ville bie til neste dag.
Men utpå natta vakna han
av at det bar lystig av stad. Han høyrde kor havet vaska
mot jekta, og ho vogga seg tungt og jamt på bølgene
etter som ho sette i mellom.
Så gjekk han Tom ut for
å sjå i vêret - då såg han ein
røsleg kar som stod med styringa og roret. No såg
han tydeleg at det var vottevenen hans som stod der. Jekta var
under kontroll. Ei stund dei hadde segla, så kom dei i
smult vatn. No såg han land framom. Med det same dreia
jekta opp mot vinden, og Tom lét ut framreide. Så
gjekk både han Tom og håsettaren hans til ro. Det
var enno berre svarte natta. Men no såg han ikkje meir
til havdraugen.
Men så letta skodda, og
han Tom fekk sjå blømande strender han aldri hadde
tenkt seg betre. Det var Utrøst. Her var grøne
sletter og gilde hus. Han såg bryggjer, naust og alt som
høyrde lofotfisket til. Så såg han ein mann
i bryggedøra. Han kjende mannen att. Det var den same
som hadde hjelpt han før på ferda. Men
no ville han Tom fare heim, så han vinka farvel. Då
ropte vottevenen etter han:
"Tom, Tom, tenk deg om
-
Utrøst kjem ikkje
opp før dom."
Men han Tom torde ikkje slå
seg til ro der, så han drog opp og kom seg vekk frå
øya.
Ein søndag han var i kjerka,
såg han draugen sitje på kjerketrappa, og han ropte:
"Tom, Tom, tenk deg om
-
Utrøst kjem ikkje
opp før dom."
Sia såg han ikkje draugen
meir.
Dette eventyret
er henta frå boka "Det mørke landet" av Edvard Ruud
|