Huldrefest

Det var ein mann i Dale som hadde ein ung og gild hest. Han lånte ikkje krefter for å drage lasset opp bakken og sveitta ikkje for eit renn. Men ein gong blei han då sprengt. Det var ein julaftan. Fjøset var stengd og krøttera hadde fått både velt og godt fôr på ein slik kveld.

Men det blei ikkje stilt rundt tunet. Det banka og braka kring husveggene, og sledane kunne dei høyre blei skrapa både hit og dit. Men så blei det natt, og nattstilla kom.

Men kva såg dei julemorgonen? Jau, det var køyrde vegar i snøen, like under Rødberget. Og i stallen stod hesten så sveitt som han var dregen opp av havet. No skjøna dei at det var huldra som hadde køyrt til gjestebod julenatta.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud