Hulderhesten

Ein vinter fór det ein hest og rende om kveldane. Folket på garden såg han, men endå hunden fór etter, kunne han ikkje nå. Hesten rende så snøgovet stod. Men fár fanst det ikkje etter han. Det skulle vere ein hulderhest som var sloppe ut.

Ei kone såg i same tida fem sauer attmed ein stein. Dei kom vekk framfor augo på ho.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud