Hulderguten

Ein gong lenge før vegen mellom Elgsnes og Aun vart bygd, skulle ein mann ri frå Elgsnes til Aun. Han hadde passert Mølnelva og Snevegen og hadde byrja på stien innover mot Hestenvika då hesten med eitt stogga. Og same kva mannen gjorde, ville ikkje hesten gå vidare. Han skjøna difor at hesten såg ei hindring han ikkje fekk auge på.

Mannen hugsa då at om ein legg hesteøyra saman og kiker framover mellom dei, då kan ein sjå det same som hesten gjer. Han så gjorde, og då fekk han auge på ein liten gut som sat på stien framføre hesten. Det var ein av ungane til dei underjordiske som var ute og leika.


Skrive ned av Tore Ruud etter munnleg overlevering