Finnegand

Handelshuset på Raten hadde gjestehusbevilling. Men så var det ein dag ei skitten finnkjerring kom til gards og ville ha hus. Men handelsfrua sa at dei hadde ikkje hus. "Det løgst du berre, men du skal få det igjen. Det skal snart bli mindre hus." Då gjekk finnkjerringa ut og stod utpå tunet og blåste. Dagen etter blåste det opp til storkuling, og ei bisk vindrosse kom og heiv heile brygga med tørrfisklageret på havet. Der blei mindre hus. Og folk skylda finnkjerringa for det. Men ikkje nok med det, nokken daga etter fatta det eld i stabburet på garden, og det brann heilt ned til grunnen. Det blei aldri oppbygd meire. Sei så at ikkje finneganda kan fengje, sa dei gamle.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud