Fegdefembøringen

Han far låg på Langnes med seinota. Det kom heim dit nokre kara med ein ny fembøring dei hadde kjøpt. Dei sette han iland, velta han og skora han opp på stamnan. Så var det ei natt han far var ute og såg i veret, eller han keik etter om seien var i arling. Han tok seg ein tur bort til nybåten. Han var så høg på stamnan at far gjekk bein under han. No begynte han i halsen og gjekk attover for å saumfare båten godt. Men brått blei han stogga. Han kom ikkje av tverre flekken, men såg ingen ting. Attom bakrommet kunne han ikkje komme. Dette var nifst mesta, men far var ingen reddhug. Han prøvde omatt og omatt, men det var noko som heldt imot. Då gjekk han heim til bua. Og no sa han at denne båten var ein fegdebåt. Og ikkje betre enn sagt var; same hausten sette heile mannskapet til, og båten kom bort.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud