| 
                 Draumen som 
                  gjekk i oppfylling 
                Det var eit år han Hans 
                  Olsa låg i heimeroren, men slapp opp for agnsild. Det 
                  spurtes om sild i Gratangen. Då heiv han Elleseus, naboen 
                  hans, tre 150-maskingar i båten og fekk han Hans Olsa 
                  og gluntan med seg og fór dit innetter.  
                Og det blei last i ottringen 
                  på natta, seks tønner sild. Det var som ein leik. 
                  Men det lakka og lei mot jul, og dei tenkte på julreia. 
                  Dei tok på heimtur og rodde svartstilla frå Rollnes 
                  vestover Vågsfjorden. Han Hans Olsa hadde hatt ein slik 
                  ekkel draum om natta. Han sa beint ut at gjekk det han og hannes 
                  vel etter denne dagen, så skulle han gje ein klekkeleg 
                  gave til ei god sak. 
                Ikkje før hadde han sagt 
                  dette, så begynte han å kule frå sør, 
                  og då dei kom framimot Tronesbygda var han reine tavrokket. 
                  Dei måtte med ein gong duve med to klør. Då 
                  kom det ei kvass rosse. Råa slo seg under æsingen 
                  på båten, og han Hans Olsa sprang lynrapt fram til 
                  festbeten. "Der var det bud etter oss, der var draumen 
                  eg hadde i natt." Båten tok inn vatn, men han Adolf 
                  fekk rakken ifrå i ei hast, råa klar, lauparen opp 
                  og fekk seglet letta. 
                Så sette dei seks klør 
                  med ein gong, og med det gjekk dei ut Toppsundet og stod han 
                  opp til Elgsnes. Men då var han så sterk at då 
                  dei hadde drege framreie i land på Elgsnessanden, måtte 
                  dei ligge tre mann på dreggen for at ikkje båten 
                  skulle drage etter og reie av. Dette var i veka før jul. 
                Så egnde dei line med silda 
                  og tenkte på julreia. Dei dreiv med Stappegrunnen nord 
                  i Andfjorden og hadde nattlæger i Grøtaværran. 
                  Men han Hans Olsa fekk ikkje draumen frå seg. Det blei 
                  eit eller anna som kom til å hende.  
                Tollesmessdagen låg dei 
                  og drog igjen. Då kom uveret så brått over 
                  dei at han Jørn og han Ludvik måtte kutte linparten 
                  og fekk ein stamp line overståanes. Dei kom i land i Grøtaværran 
                  og gjorde julhandel der. Men neste dagen, julaftan, ga han seg 
                  og dei ville heim. Dei vatt med to klør og låg 
                  i retning på Måsskjeran rett i sør for godt 
                  ståanes vind. Begge båtane var i lag. Han Ludvik 
                  segla føre. Faren, han gammel-Jørn, sat i halsen, 
                  og han Hans Olsa sat i midtrommet. 
                Han Elleseus segla etter. Han 
                  var frå Tromsø og var ein uvanleg flink seglar. 
                  Då kom der ei bakrossa, og han Elleseus ropte: "Ta 
                  laus dragjet." Og med eitt datt råseglet ned. Men 
                  same rossa råka båten hans Ludvik. Dei var ikkje 
                  snar nok å fire før rossa nådde seglet. Rossa 
                  tulla på baken og løfta båten opp framme 
                  i ein blunk, vridde båten om og sette han på ende, 
                  og båten stod tørr frå skotrommet og fram. 
                  Så kippa han båten om og alle kom i havet.  
                Då ropte han Hans Olsa: 
                  "Skynd dokker glunta." Han Elleseus var snarrådig, 
                  og han hadde han Adolf og han Martin Pettersa med seg. Dei var 
                  glupe karar på sjøen. I et vesk kom dei seg attåt 
                  kvelvet og fekk først tak i han gammel-Jørn. I 
                  le av kvelvet stod han Elleseus og heldt han Ludvik i eine handa 
                  og med venstrehanda heldt han fast i lottet. Under hong han 
                  Hans Olsa i føttene hans Ludvik. Då kjende han 
                  Ludvik at han Hans Olsa løssa taket og glei ned i sjøen. 
                   
                Det blei ei slik straumia av 
                  båten at ho tok han Hans Olsa i luvart. Då heiv 
                  han Elleseus seg tvers over kvelvet mens han Adolf og han Martin 
                  heldt i føttene hans. Så stod han på hau 
                  i sjøen og famla til han fekk tak i han Hans Olsa og 
                  drog han opp. Men han var alt daud. Draumen som han Hans Olsa 
                  hadde vore så redd for, var no gått i oppfylling. 
           |