Bergteken

For mange år sidan kom ei småjente bort frå Ytre Elgsnes. Ho var ingen stader å finne. Folk meinte ho var tatt inn til huldra, eller bergteken som dei sa. Det einaste dei då kunne gjere var å ringe med kyrkjeklokka. Dei fór difor til Trondenes og fekk storklokka laus. Denne klokka høyrdest i stilt ver milevidt - dei seier like til Dverberg på Anda. Men jenta var og blei borte.

Mange år seinare kom jenta attende. Men no gjekk ho berre og song om at "han far er borte og han Ola-bror og". Rar av seg var ho, og heilt ulik anna folk. Ei tid etterpå kom ho atter vekk. Men ingen veit anten ho miste livet eller ho gjekk i berg att.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud