Agnvaren

Ytre Elgsnes var i eldre tid ein god utrorsstad. Der var gode fiskeplassar i Toppsundet, men aller best på eggene og tilrorane i Andfjorden. Det var eit heimefiske som gav godt og jamnt utbytte. På Elgsnes hadde herrane Norman stor handel, og her fekk folk selje fisken sin mot pengar eller varebyte.

Men ein haust blei det svart hav, og dei som låg til utrors, måtte fare heimatt med berre båten, bruket og kostkista. Då tok heimekallane til med å gjere bruket ferdig til lofotferda.

Så var det seint ein kveld i adventa då månen stod høgt på himmelen. To av kallane hadde bøtt ferdig garna dei hadde oppe i huset, og dei skulle no i Oppsettnaustet og hente sundrevne garn til morraarbeid dagen etter. Då dei kom til naustet, fekk dei sjå tre kallar som sløgde fisk nede på fjæra. Dei blei himmelfalne, for dei visste kor svart havet var. Men så skjøna dei at dette var ikkje vanlege fiskekallar, det var havfolk som sat der.

Og no skulle dei sanneleg få vite kor fisken var. Den eine spurde difor: "Kor har dokker fått all denna fesken?" Då svara den eldste havmannen: "Teisten i Trælen og Årbergsnakkjen i Ørja, og ikkje meire derom å spørja." Men den andre fiskarkallen hadde slik hug på fisk og mølje, så han spurde om han ikkje kunne få koking. Då kasta havmannen ein stor torsk mot han. Torsken råka atterskotten på ein båt som stod der så stykkjer av stamnen flaug rundt ikring. Då blei både havmennene og fiskedungen borte.

Kokfisken tok kallane med seg, og det blei sagt at aldri hadde det vore kokt betre mølje på Elgsnes. Etter meda som havmennene sa, fann dei den gode tilroren utmed Holmenvær i Senja. Tilroren blei kalla Agnvaren, og heiter slik den dag i dag.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud